Page 1 of 1

HD-forum stenger

Posted: 08 Apr 2014, 17:54
by RoadKing
Hei alle saman!

Det nermar seg tida for ein oppdatering av heile portalen, inkl. ein minimal facelift.
Eg byrja jobben for ei vekes tid på ein privat server med tanke på oppdateringar på forumet. Det som må gjerast når oppdateringane skal gå live er å stenge forumet eit par dagar sånn at eg kan jobbe med databasen (heretter kalt for db), og få rydda opp i ein heil del feil der.

Når dette skjer veit eg ikkje heilt endå då eg fortsatt jobbar med å renske db for tabellar som ikkje er i bruk, men som lagar trøbbel for framtidige oppdateringar.
Mitt mål er å få ein rein og grei db, samt eit forum som alle kan ha nytte av. Blant anna så jobbar eg med å få Knowledge Base inn i forumet, men tørr ikkje å love at den blir med då den lagar litt bry for meg. Men eg lovar at eg skal prøve ;)

Ein annan ting som og kan være avgjerande er serveren, kva den har innstallert frå leverandørens side og ikkje, og om den samsvarar med den eg har privat. Hvis alt går i boks så har alle noko å sjå fram til :D

Kva som kjem vil eg ikkje ut med no, det får vere ei overrasking :mrgreen:


PS!
Når meldinga om stenging er posta skjer ting fort!

Offtopic:
Må og få skryte av at eg fekk kjøre sykkel heile forrige veke, og rørte ikkje bilen i det heile tatt. Vårstemninga er på plass, og ser fram til endå fleire mil på sykkelen dei neste månadane ;)

Re: HD-forum stenger

Posted: 08 Apr 2014, 18:31
by tutte
RoadKing wrote:Hei alle saman!
Offtopic:
Må og få skryte av at eg fekk kjøre sykkel heile forrige veke, og rørte ikkje bilen i det heile tatt. Vårstemninga er på plass, og ser fram til endå fleire mil på sykkelen dei neste månadane ;)
Så bra du rekker å kjøre litt også ikke bare lage forumet bedre for oss alle.
Veldig bra, det blir satt stor pris på!!
8-) 8-) 8-)